Flåmsbana

Den spektakulære og verdskjende jernbanestrekninga mellom Flåm og Myrdal svingar seg oppover Flåmsdalen og har ein høgdeforskjell på 863m.

Den mest populære turistattraksjonen i området er Flåmsbana, som seies å vere den vakraste togturen i verda. Flåmsbana er kjent for si bratte stigning og mange svingar som gir  fantastisk utsikt på begge sider.

 

Togturen startar ved Flåm stasjon og ender på Myrdal stasjon – ei 20 km lang reise. Vanlegvis stoppar toget ved Kjosfossen, og er du heldig kan du sjå Huldra danse i fossen.

 

Reisa tek omtrent ein time ein veg. Det er mogleg å bestille rundtur slik at ein sit på det samme toget ned igjen, men ein kan også leige sykkel eller gå tilbake til Flåm. Sidan det vanlegvis er høg etterspurnad etter billettar, anbefalar me å bestille på forhånd. Sjå denne sida for billettar.

Fakta

STED

Flåm - Myrdal

SESONG

Heile året

TYPE

Attraction

Bilder

1/1

Kart