Hyttene
Aurland Fjordhytter har to høgstandard hytter ved sjøkanten av Aurlandsfjorden. Hyttene ligg ca 1 km frå sentrum av Aurland, og 10 km frå Flåm jernbanestasjon og kai.
Hyttene har to etasjar på 60m2, med tre soverom, kjøkken, stove, bad og gang. Hyttene har også ein veranda med utsikt mot fjorden.
Hyttene høyrer til Gjerløw gard, eigd av Sjur og Tove G. Gjerløw. Hytteområdet er bygd på steinmassar frå Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel.
Her finn du oss
Hyttene er enkle å finne - følg vegen langs fjorden ca 1 km frå sentrum av Aurland
Adresse
Skjerdalsvegen 58
5745 Aurland
Inkluderte fasilitetar
2 dobbelt-senger
Vedovn
Kai og badebukt
2 enkle senger
Smart TV med norske og internasjonale kanalar
Dusj
WiFi (fiberoptisk)
Vaskemaskin
Røykvarslarar
Oppvaskmaskin
Brannsluknings-utstyr
Kjøleskap og fryser
Privat parkering
Fasilitetar som kan leigast
Betaling kan gjennomførast med kort eller kontant før utsjekking
Motorbåt
Håndklær
Sengetøy
Leige av båt
Gjester av hyttene kan leige båt av typen Steady, med 15hk påhengsmotor. Den kvite båten har plass til fem personar, medan den svarte har plass til opptil seks. Båtane er sikre og enkle å bruke, og det blir gitt opplæring ved leige. Båtane er utstyrt med redningsvest og ein 25L bensintank. Ved lengre turar kan ein bestille ein ekstra tank.