
Attraksjonar
& aktiviteter
Kva kan ein gjere i Aurland?
Aurland har eit stort utvalg av aktiviteter og attraksjonar. Her er nokre du kanskje ønskjer å besøke når du er i Aurland.
Stegastein Utsiktspunkt
Stegastein utsiktspunkt er ei bru av massivtre som ligg 650 m over sentrum av Aurland. Utsiktspunktet tilbyr ei spektakulær panoramautsikt over Aurland og Aurlandsfjorden.
Aurlandsdalen
Ein spektakulær fottur i naturskjøne omgivnader frå Østerbø og ned Aurlandsdalen til Vassbygdi. Turen er 20 km og tek rundt seks timar.
Fjord Safari
Fjord Safari tilbyr guida båtturar med hurtiggåande rib-båtar på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, og guida fotturar i nærområdet.
Flåmsbana
Den spektakulære og verdskjende jernbanestrekninga mellom Flåm og Myrdal svingar seg oppover Flåmsdalen og har ein høgdeforskjell på 863m.
Kajakk
Å padle kajakk gir moglegheit til å oppleve fjorden på nært hold. Det er fleire selskap som leiger ut kajakkar både i Aurland, Flåm og Gudvangen.
Fjord Cruise
Opplev Aurlandsfjorden og den UNESCO verdensarv-lista Nærøyfjorden på nært hald ved å ta ein ferjetur mellom Flåm og Gudvangen.
Vikingbyen
Vikingbyen tek deg 1000 år tilbake i tid og let deg oppleva korleis vikingane levde.
Rallarvegen
Rallarvegen er ei velkjent sykkelrute i Norge. Den startar på Finse, 1222 meter over havet, og ender i Flåm.
Flåm Zipline
Nordens lengste zipline finn du i Flåm. Med ein lengde på 1382 meter og ein fart på omtrent 100 km/t vil du garantert kjenne eit adrenalinkick du aldri før har kjent.