top of page

Aurlandsdalen

Ein spektakulær fottur i naturskjøne omgivnader frå Østerbø og ned Aurlandsdalen til Vassbygdi. Turen er 20 km og tek rundt seks timar.

Aurlandsdalen, også kjent som Norges svar på «Grand Canyon», er ein av de mest populære turstiane i området. Kvar sommar kjem turistar frå nært og fjernt hit for å oppleve det unike landskapet.

 

Det er flere startpunkt og variasjonar av turen, men det mest vanlege er å starte på Østerbø og gå herfra ned til Vassbygdi. Dersom du føretrekk å gå oppover, kan du også starte i Vassbygdi og gå opp til Østerbø.

 

Turen er 22 km og tek seks til sju timar å fullføre, så hugs å ta med nok mat og drikke. Det kan også vere lurt å ta med ekstra klede, då været raskt kan endre seg.

 

Dei lokale bussane har daglige turar til Vassbygdi og Østerbø frå Aurlandsvangen, sjå denne sida for meir informasjon om bussane.

Fakta

STED

Østerbø - Vassbygdi

SESONG

Juni - Oktober

TYPE

Hiking

Bilder

Kart

bottom of page