Norgesferie 2020

Legg årets ferie til Vestlandet og Aurland for ein aktivitetsferie tett på naturen.

Aurland ligg omkransa av fjord og fjell, og er eit perfekt utgangspunkt for ein aktivitetsferie på Vestlandet. 

Opplev Nærøyfjorden med guiding frå hurtiggåande rib-båt eller stillegåande elektrisk ferge. Ta den verdskjende Flåmsbana opp Flåmsdalen, og ta Nord-Europas lengste zipline ned igjen.

Sykle den langstrakte og vakre Rallarvegen, eller gå den spektakulære Aurlandsdalen. Aurland har eit mangfald av turløyper, både korte og lange.

Opplev smaken av vestlandsk tradisjon med lokalprodusert og kortreist mat.

Velkommen

til Aurland Fjordhytter

Aurland Fjordhytter er to høgstandard hytter ved sjøkanten av Aurlandsfjorden. Hyttene har eige uteområde med parkeringsplass, badebukt og kai med moglegheit for leige av båt.

Hyttene har tre soverom, veranda mot fjorden, og er utstyrt med blant anna Smart TV, norske og internasjonale kanalar (ASTRA), fiberoptisk WiFi, dusj, vaskemaskin, oppvaskmaskin og vedovn.

Bestill no

Høgsesongen frå juni til august blir ofte fullbooka eit år i førevegen, så ikkje vent for lenge med å bestille. Me håpar å sjå deg snart!

Følg oss i Sosiale

Medier

  • Facebook
  • Instagram
  • Pinterest

Kontakt

Adresse

Aurland Fjordhytter

Skjerdalsvegen 58

5745 Aurland

Norge

  • Hvit Facebook Ikon
  • Hvit Instagram Ikon
  • Hvit Pinterest Ikon

© 2020 Aurland Fjordhytter